Regjeringa beslutta i juni 2017 at sekretariatet skulle flytte frå kontorene i Schweigaardsgate i Oslo til Bø. Grunngjevinga er mellem anna tufta på St. meld. 18 (2016-2017), vedlegg: Berekraftige byar og sterke distrikt.

- Det har vore eit krevjande år for dei tilsette. Ei flytting er utfordrande av fleire grunnar. Nokon har sett seg nøydde til å seie opp jobbane sine på grunn av lang reiseveg og personlege tilhøve. Vi har ennå ikkje fått tilsett nye medarbeidarar i dei ledige stillingane, og det  har dessverre gått noko ut over rådgjevinga til foreldre og annan aktivitet, seier fungerande kontorsjef Lou Cathrin Norreen.

Ho vonar at foreldre og samarbeidspartnarar har tolmod no i ein hektisk overgangsperiode. Den neste veka vert folk som tek kontakt vist til heimesidene våre fug.no og fubhg.no for tips og råd.

Foreldre ein viktig ressurs

- Det overordna målet vårt er å kome på plass så fort som mogeleg slik at vi kan fortette det viktige arbeidet med å bistå foreldre i barnehage- og skulesaker, seier Norreen.

- Foreldre kan vere dei viktigaste personane i barna sine liv. Det at foreldra bryr seg om barnehage- og skulekvardagen og har eit godt samarbeid med dei tilsette der, er heilt avgjerande for at barna skal trivast og lære, seier ho.

- Vi gler oss til å komme i gang i Bø og til å byggje eit nytt team av nye og gamle tilsette som saman kan støtte både foreldre og utvala våre i eit viktig arbeid, seier ho.

Ny kontorsjef, Marianne Dahlseng frå Ulefoss, vart tilsett i juni og tek til i jobben 1. oktober.

Dei nye lokala i Lundevegen 3 i Bø er ei mellomløysing medan det nye Grivitunet skal byggjast.

Nytt telefonnummer til sekretariatet er 477 99 200.

Postadressa er: Postboks 29, 3833 Bø i Telemark.