Eit barn har mange språk

Ulike kulturar og land er ein del av den norske barnehagekvardagen. Barnehagar med samisktalande barn og barn med andre språk enn mellom anna svensk, dansk eller engelsk, kan ha nytte av tospråkleg assistanse. For at barnet skal ha nytte av barnehageopphaldet, må dei ha moglegheit for å bli forstått og å gjere seg forstått. Ved sida av heimen er barnehagen den viktigaste arenaen for språkstimulering. Språket og dei sosiale evnene er viktige basisområde for utvikling av kompetansen til barnet.

Nokre barn treng ekstra hjelp for å styrke språket. Barnehagen kan setje i verk ei rekkje tiltak. Det kan vere nødvendig både at språkarbeidet er integrert i barnehagekvardagen og at det utførast eit meir systematisk opplegg. Språkarbeid skjer i alle situasjonar i barnehagen. Både måltider, leik ute og inne, av- og påkledning og samlingsstunder gjev gode moglegheiter for språkstimulering. Midlar til tiltak for å betre språkforståinga blant minoritetsspråklege barn i førskolealder, til dømes til tospråklege assistentar, er lagt inn i rammetilskottet til barnehagane frå 01.01.2011. Barnehagen har mulighet til å søkje kommunen om midler til dette. Midlar til tiltak for barn av nyankomne flyktningar, inngår no i ordninga med integreringstilskott til kommunane.