I dei aller fleste barnehagar består grunnbemanninga av ein barnehagelærar og to assistentar. Barnehageassistenten har i utgangspunktet inga formell fagleg utdanning innanfor barnehagefaget, men kan ha lang fartstid og mykje erfaring frå arbeid med barn i barnehage.

På 80- og 90-talet var barnehageassistentane ofte godt vaksne personar med ei stabil tilknyting til barnehagen. Dette biletet er noko endra i dag. No tilset fleire og fleire barnehagar unge personar som ikkje alltid blir like lenge i jobben. Det er fleire årsaker til det, til dømes ønskjer mange å jobbe nokre år i barnehage før dei skal ta vidare utdanning, mens andre ønskjer å fylle eit «friår» etter vidaregåande skule. Assistentgruppa er derfor ikkje ei like stabil tilsettgruppe som tidlegare.

Heldigvis er det mange som vel å halde fram som assistent i barnehage, og nokre av dei endar dessutan opp med å kombinere arbeidet i barnehagen med å ta barnehagelærarstudiet eller utdanne seg innanfor barne- og ungdomsarbeidarfaget.