I 2017 var det 309 foreldre og andre som tok kontakt med FUB. Dei fleste er foreldre, men òg tilsette i barnehagar eller administrasjonen av barnehagar kontaktar oss.

Ein tredjedel av sakene i 2017  handla om bekymring og utfordringar i samarbeidet med dei tilsette. Mange spør òg om korleis foreldra konkret skal organisere seg med foreldreråd, samarbeidsutval og lokale foreldreutval.

FUB opplever at det er behov for meir kunnskap og kompetanse blant barnehageleiarar om medbestemmingsretten til foreldra og om korleis ein kan avdekkje, førebyggje og stoppe mobbing blant barnehagebarn.

FUBs seniorrådgivere 2017
FUBs seniorrådgjevarar Lou C. Norreen og Åse-Berit Hoffart

76 foredrag

FUB blir i aukande grad spurt om å halde foredrag for eksterne aktørar. I 2017 heldt FUB heile 76 foredrag som er det høgaste talet på foredrag som FUB har halde på eitt år. Det skjer primært i barnehagar, men òg på høgskular, i kommunar, hos fylkesmenn og på konferansar.

I 2017 har særleg mobbing vore eit etterspurt tema. FUB har inntrykk av at både foreldre og barnehagetilsette har behov for meir kunnskap og kompetanse på dette området.

Fruktservering på Barnehagedagen 2017
FUB-leiaren får servert frukt på Barnehagedagen 2017

Kosthald

FUB arbeider målretta med hovudsakene sine: mobbing, kvalitet og overgangar. Det å få på plass ei lovbestemt bemanningsnorm og sikre jamnare kvalitet i alle barnehagar er spesielt viktig for utvalet.

I 2017 har vi fleire gonger løfta fram temaet kosthald, også i media, og FUB laga eit prinsippnotat om kosthald. FUB har òg besøkt barnehagar med vekt på matlaging og kosthald. FUB er i tillegg engasjert i ei referansegruppe om temaet i regi av Helsedirektoratet.

FUB var aktivt med i prosessen før ny rammeplan for barnehagar blei innført 1. august 2017, og vi er glade for at regjeringa arbeider for å få på plass ei nasjonal bemanningsnorm og krav om auka pedagogbemanning i barnehagen

Håvard Tjora om læringsstiler
Håvard Tjora på Foreldrekonferansen (Foto: FUB)

Foreldrekonferansen

5. og 6. november 2017 arrangerte FUB ein nasjonal foreldrekonferanse med inkludering som hovudtema. Den første dagen var programmet berre for foreldre. Dag to var eit samarbeid med barnehagepartnarane i Partnerskap mot mobbing: KS, PBL, Utdanningsforbundet og Fagforbundet. Både foreldre og barnehagetilsette deltok den dagen, ca. 200 deltakarar.

Hovudmålet med konferansen var å auke foreldreengasjementet og gi motivasjon til det viktige samarbeidet mellom heim og barnehage/skule.

FUB lanserer ny nettside
FUB lanserte ny nettside i mars. (Foto: FUB)

Materiell og ny nettside

I september sende FUB ei større postsending til alle barnehagar i landet. Den inneheldt ein brosjyre om FUB, ein om foreldresamarbeid og eit informasjonsskriv om den nye rammeplanen for barnehagar. Det siste var i samarbeid med Utdanningsdirektoratet.

Nettsida til FUB, fubhg.no, blei i mars lansert med nytt og eit meir brukarvennleg design. Nettsida har hatt besøksrekord totalt i snitt per månad, der rekorden vart nådd i  oktober med over 10 000 unike brukarar.

Nettsida blir stadig oppdatert med nyheitsstoff om FUB og relevant barnehageinformasjon. Vi sende ut heile ti nyheitsbrev i 2017.

Yngste på samisk foreldrekonferanse
Fra samisk foreldrekonferanse i Trondheim. (Foto: FUB)

Nettverk og samarbeid

FUB har vidareutvikla og utvida samarbeidet med relevante aktørar. Vi har faste møte med NAFO, Utdanningsforbundet og Barneombodet. I tillegg har vi regelmessig kontakt med Bufdir, Fagforbundet, PBL, KS, Voksne for barn, Unicef og Trygg Trafikk.

Både FUB og FUG gav økonomisk støtte til planlegginga og gjennomføringa av ein samisk foreldrekonferanse under Tråante 2017. Konferansen blei arrangert i Trondheim av Samisk foreldrenettverk Tråante 2017 og Senter for samiske studier, UiT.

Under Arendalsveka i august var og FUB med på å arrangera ein paneldebatt om mobbing i barnehagen der og kunnskapsministeren var med. Vi deltok og med innlegg på Unicef sitt arrangement.

I 2017 har FUB delteke i 17 referanse- eller arbeidsgrupper og vi har avgitt svar på fleire høyringar og meldingar.

Her er heile FUB og FUG sin årsberetning 2017.

Her finn du revisjonsberetninga 2017 og brevet frå Riksrevisjonen om dette.