For foreldre med barn i barnehage.

Fortsatt kamp mot mobbing

Manifestpartene 2011 - 14
Alle partane som har underteikna Manifestet mot mobbing var samla til møte 6. februar for å drøfte temaet for 2012. Tala frå elevundersøkinga og anna kunnskap om mobbing viser at det framleis er viktig med stor innsats frå partane si side.

For skuleåret 2012/13 har partane bestemt å setje i gang en kampanje som gir auka toleranse for kvarandre og sikrar god inkludering.

Alle barn, uavhengig av kjønn, seksualitet, religion, etnisitet, funksjonshemming eller kulturell bakgrunn skal oppleva å bli akseptert og inkludert i fellesskapet. Partane peika på viktigheita av venskap og samarbeid for å få til dette.

Må skje kontinuerleg

-  Arbeidet mot mobbing skal vera eit kontinuerleg arbeid som må prega alt læringsarbeid i barnehagane, skulefritidsordningane, i grunnskulen og i vidaregåande opplæring.
 
I tillegg er det viktig at andre barne- ungdomstilbod som er i kommunane, deltar aktivt for å fremje eit trygt, godt og inkluderande miljø, sa statssekretær Elisabet Dahle som leia møtet.

- Fleire kommunar må med!

Foreldreutvalet for barnehagar (FUB) vart oppretta i 2010 og er såleis inne i sin fyrste periode som manifestpart. Det noværande vart underteikna i 2011 og gjeld til 2014.

I denne perioden har det vore viktig å forankre arbeidet lokalt og få alle ordførarane til å underskrive lokale manifest. Per 1. februar har heile 324 kommunar skrive under.

- Men endå fleire må underteikne og vi håpar at dei siste kommunane kjem raskt etter, seier FUB-leiar Lena Jensen. Ho meiner eit tema som venskap har stor relevans for barnehagane, der mange av dei yngste finn sine fyrste vener og legg eit viktig grunnlag for den sosiale kompetansen.

Kampanjeveka er i veke 36.

Share on Facebook Add to Twitter