Kven mobbar eigentleg i barnehagen, og kva kan vi gjere for å forebyggje dette?

Det er eit av spørsmåla Partnerskap mot mobbing stiller på eit arrangement på Madam Reiersen restaurant tysdag 15. august kl. 19.00 – 21.00.

Partnerskap mot mobbing er eit samarbeid mellom regjeringa og 13 organisasjonar, der og FUB og FUG er med.

FUB-medlem Yngvar Natland skal delta i ei samtale med fleire andre på barnehagefeltet i partnerskapet.

Du kan melde deg interessert i arrangementet her.

Ingrid Lund FUBkonf16
(Foto: FUB)

Forsking og erfaring

Konferansier Eli Rygg leier eit tredelt arrangement, der forskar Ingrid Lund frå Universitetet i Agder (UiA), som både har forska på mobbing i barnehagen og fråfall i vidaregåande skule, snakkar frå sitt forskarperspektiv. 

Lund stod også sentralt i prosjektet Hele barnet hele løpet – mobbing i barnehagen, der FUB var med.

Seniorrådgjevar Morten Solheim frå Utdanningsforbundet held innlegg frå eit praksisperspektiv etter mange år som barnhagepedagog.

Så følgjer ei samtale der FUB-medlem Yngvar Natland møter representantar frå KS, PBL og Utdanningsforbundet. Til slutt vert kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen intervjua om mobbing av Eli Rygg.

- Vi håper mange møter opp for å høyre om eit viktig tema, seier FUBs seniorrådgjevar Lou Cathrin Norreen, som leier arbeidsgruppa for dette arrangementet. Målgruppa er barnehagelærarar, - styrarar og –eigarar.

Åse Berit-Hoffart holder innlegg om mobbing
(Foto: FUB)

Mobbing og fråfall

Onsdag 16. august kl. 13:00 - 14:30 arrangerer Unicef og UiA eit seminar i Arendal Bibliotek om mobbing i barnehagen. Her skal FUB sin seniorrådgjevar Åse-Berit Hoffart halde eit innlegg med eit foreldreperspektiv.

Sjå meir om arrangementet her

Også her er det forskar Ingrid Lund frå UiA som definerer mobbing og snakkar om kva forskningen seier om mobbing i barnehagen.

Kristin Oudmayer frå Unicef Norges snakkar om førebygging og handtering av mobbing i et rettigheitsperspektiv.

Åse-Berit Hoffart vil gje bakgrunnen for FUB sitt engasjement og syn på mobbing, kva type henvendelsar FUB får, kva foreldra opplever som vanskeleg og kva slags tiltak FUB rår foreldre til.

Dei tre innleiingane vert oppsummert og kommentert i ein sekvens leia av førsteamanuensis Anne Greve frå Høgskulen i Oslo (HiOA).

FUG er og med ei ein debatt om mobbing i Arendalsveka

Velkommen i Arendal!