Forutan eit brev til styrararne, får barnehagane anten 30 eller 60 eksemplarar kvar (avhengig av storleiken på barnehagen) av brosjyra ”Foreldre skal bli høyrd i barnehagersaker” og  brosjyra ”Å fremje felles interesser til barnet sitt beste.”

Den fyrste brosjyra handlar om kven FUB er, korleis vi jobbar og kva som er våre hjartesaker.

Den andre tek føre seg kva lovverket seier om foreldra si rolle i barnehagen, om samarbeid, verv og om retten til å medverke.

Begge brosjyrane ligg ute til gratis nedlasting på heimesida vår fubhg.no/materiell. Dei kan og tingast i fleire trykte eksemplar.

Infoark om ny rammeplan

- I tillegg har vi laga eit enkelt infoark til foreldra om den nye rammeplanen for barnehagen som tok til å gjelde frå 1. august i år. Her er det mykje nytt som gjeld barnehagekvardagen som det kan vere lurt for alle å setje seg inn i, seier seniorrådgjevar Åse-Berit Hoffart.

Arket syner til Utdanningsdirektoratet der info om det nye lovverket ligg.

Rammeplanen beskriv mellom anna tema som: overgangar fra barnehage til skule, samarbeid mellom heim og barnehage, ansvar og roller og verdigrunnlaget i barnehagen.

Barnehagedagen 2017 Dans i ring
Barnehagedagen 2017 (Foto: FUB)

Viktige tidspunkt

Vi vil og minne om to viktige tidspunkt til alle som får brevet frå oss:

I november skal foreldreundersøkinga gjennomførast i barnehagane.

- Det er ein fin moglegheit for foreldre til å seie si meining om tilhøva ved barnehagen dei brukar. Det er eit viktig verktyg til å medverke, seier seniorrådgjevar Lou Cathrin Norreen.

Les meir om foreldreundersøkinga i barnehagen på heimsida til Utdanningsdirektoratet.

- I tillegg vil vi minne om Barnehagedagen 2018 som skjer tysdag 13. mars, seier Norreen. Temaet neste år blir kunst, kultur og kreativitet.

Sjekk med din barnehage i september om dei har fått haustpakken i frå oss!