FUB har lenge tatt til ordet for ei lovfesting av barna sin rett til eit godt psykososialt miljø i barnehagen, slik opplæringslova 9A skal sikre elevane på skulen.

I oppropet ber dei fleist mogeleg om å underteikne. Underskriftene skal overleverast til leiar og nestleiar i Utdannings- og forskningskomitèen 31. mai, same dag som Stortinget skal behandla lovforslaget om bemanningsnorm.

- Dess fleire som skriv under, dess tydeligare blir stemma vår, heiter det i oppropet.

Arrangørane skal og sende brev til alle partileiarane i Noreg.

FUB-leder Marie Skinstad-Jansen september 2017
(Foto: FUB)

Tida er overmogen

- Tida er overmogen for ei lovendring. Barna har lovfesta rett til ein barnehageplass i Noreg, men ikkje til eit trygt miljø fritt for mobbing. Det held ikkje, seier FUB-leiar Marie Skinstad-Jansen.

Forskning viser at mellom 10 og 12 prosent av barn i barnehagen opplever mobbing frå både vaksne og barn. Det viste mellom anna resultata frå prosjektet Heile barnet heile løpet, som FUB var med i.

Forskar Ingrid Lund har dokumentert at mobbing i barnehagen og kan hengje saman med at elevar fell frå i vidaregåande skule.

- Skriv under!

Sjølv om Rammeplanen for barnehagen seier at barna si fysiske og psykiske helse skal fremjast i barnehagen, og at mobbing og krenking skal handteras og stoppas, meiner FUB og dei andre bak oppropet at det ikkje er det same som ein lovfesta rett.

Her er lenkja til oppropet. Foto og nettside er laga av Redd Barna.

- Skriv under, oppmodar FUB-leiaren.