Stoltenbergutvalet vert leia av Camilla Stoltenberg og skal samle kunnskap om kjønnsskilnadar i skulen og foreslå tiltak for å motverke dette. Mandatet er å utrede kvifor gutar er overrepresenterte på fleire negative statistikkar, til dømes enkeltvedtak om spesialundervisning og fråfall.

FUB-medlem Yngvar Natland legg vekt på arbeidet med gode overgangar mellom barnehage og skule i FUBs sitt framlegg.

- FUB meiner vi må slutte å snakke om skulemodne barn, og heller snakke om ein barnemoden skule. FUB spør seg og om skulen er klar til å ta i mot og ta hand om seksåringanes sine behov for fysisk aktivitet, utforsking og leik? heiter det i FUBs sitt innspel.

”Dei urolege gutane”

FUB peikar som i fjor på risikoen for at strukturelle krav og føringar gjer at tilsette i barnehagar og skular møter jenter og gutar med ulike haldningar og forventningar. 

FUB meiner det er behov for ei grunnleggjande haldningsendring om kva vi skal forvente av "dei urolege gutane" og av dei "tilpassa og flinke jentene" allereie frå barnehagetida.

- Hvis det er slik at gutar er meir utålmodige og har hang til meir fysisk leik, er det da plass til dette i dei miljøa dei trer inn? spør FUB.

-  Er det slik at dei seksåringane som fortast går lei av å klippe og lime, og heller treng å springa, også vert anerkjende for dette? Får dei lik tilgang på dei positive tilbakemeldingane som skaper trivsel og motivasjon i skulemiljøet? spør FUB vidare.

Lasse N¿rbaek
(Foto: Colourbox)

Mange faktorar

Det er mange faktorar som bør vektleggjast for at barnehagen skal bli eit godt sted å være for både jenter og gutar, peikar FUB på.

Det aller viktigaste meiner FUB er at dei vaksne rundt barna, både tilsette og foreldra, saman klarer å skape eit inkluderande og utfordrande leike-, omsorgs- og læringsmiljø for alle barn.

Korleis barnet opplev tryggleik, forutsigbarheit og trivsel er heilt grunnleggjande for barnet si generelle utvikling og læring, og den videre trivselen for skuleløpet.

Arbeidet med ein god overgang frå barnehagen til skulen er ein avgjerande faktor i dette.

Her er heile FUB sitt innspel til Stoltenbergutvalet, 27. november 2018.

Les og saken med FUBs innspel til Stoltenbergutvalet,desember 2017.