Det som er ønskjeleg å oppnå med samarbeidet, er kontinuitet i kontakten mellom heimen og barnehagen for å skape tryggleik og best mogleg høve til utvikling for barnet. Både barnehagepersonalet og foreldra har eit felles ansvar for at samarbeidet utviklar seg i ønskt retning, men det er barnehagepersonalet som har hovudansvaret.

Eit godt samarbeid med foreldra er viktig for kvaliteten i barnehagen. Når foreldra er nøgde, smittar det over på barna og personalet. Det gjeld òg den andre vegen, og nøgde foreldre og nøgde tilsette påverkar kvaliteten på tilbodet barnet får i barnehagen.

Med utgangspunkt i at samarbeid mellom heimen og barnehagen er ein av dei aller viktigaste kvalitetsfaktorane i barnehagen, kan det vere fornuftig for alle barnehagar å ha mål for foreldresamarbeidet.