Jørn Aabø (39) frå Notodden startar allereie 3. januar i jobben som seniorkonsulent. Han kjem frå Bø kommune og får ansvar for økonomi og rekneskap.

Marianne Rørh Fehn (41) frå Lunde i Nome kommune startar 7. januar som rådgjevar i Foreldreutvalet for barnehagar (FUB). Ho kjem frå jobben som dagleg leiar i Sandvoll barnehage i Bø.

Asbjørn Tolo (41) frå Bø tek til i stillinga som rådgjevar for Foreldreutvalet for grunnopplæringa (FUG) i slutten av januar. Han kjem frå jobben som hovudtillitsvald for Utdanningsforbundet i Sauherad kommune og lærar på Sauherad barne- og ungdomsskule.

Sekretariatet består av 10 medarbeidarar totalt og vert leia av kontorsjef Marianne Dahlseng frå Ulefoss. Ho starta i stillinga 1. oktober.

Spennande samspel

- Eg gler meg mest til å ta fatt på oppgåver som gjer at eg kan nytta min spisskompetanse best mogeleg. Eg forventar eit spennande samspel mellom foreldreutvala og sekretariatet, kor og støttefunksjonane får opptre som ein god tilretteleggjar, seier Jørn Aabø.

Han er utdanna innan økonomi og administrasjon, revisjon, leiarskap og offentleg forvaltning. I tillegg har han 10 års røynsle frå Kriminalomsorgen i administrative stillingar med hovedansvar for økonomi, budsjett og løn, mellem anna som administrasjonssjef.

Dei siste tre åra har han  jobba i kommunal sektor men ser no fram til å ha ei stillig innan statleg forvaltning.

Samarbeid mot mobbing

Marianne Røhr Fehn er førskulelærar med vidareutdanning i rettleiing og styrarutdanning frå BI. Ho har jobba som pedagogiske leiar i 10 år og nå sist 8, 5 år som dagleg leiar.

- Eg er oppteken av eit godt samarbeid mellom heim og barnehage og vonar eg kan være med i gje råd og rettleiing til føresette og barnehagar for å få dette til å fungere, seier ho.

Ho har sjølv erfaring frå ulike verv i barnehage og skule og har vore engasjert i ressursgruppa Barn som bekymrer i Bø kommune dei siste fire åra.

- Eg gler meg og til å reise rundt i landet og formidle viktige temaer som til dømes korleis føresette og barnehagen kan samarbeide for å førbyggje mobbing, seier Røhr Fehn.

Ho gler seg og til å bringe foreldrestemma inn mot ulike samarbeidspartnarar.

Potensial

Asbjørn Tolo, opprinneleg frå Haugesund,  er allmennlærar i botn med mellomfag i idrett og KRLE. Han har i tillegg fordjupning i norsk, spesped, IKT i læring og holder på med ein master i KRLE/Religion og etikk.

Asbjørn har arbeidserfaring frå barneskule som assisterande rektor, ungdomsskule, vidaregåande skule (lærar og rådgjevar) og folkehøgskule.

- Eg har jobba i skulen i heile mitt yrkesaktive liv og er grunnleggjande interessert i å jobbe med mennesker. Eg ser på det å jobbe her som ein mogelegheit  til å halde fram med dette, men frå ein litt annan innfallsvinkel, seier han.

- Politisk er det mykje fokus på tidleg innsats. Eg trur det ligg eit stort potensial i eit godt samarbeid mellom heim-skule i arbeidet med dette. Det er foreldra som kjenner barna sine best. Dei er derfor viktige å lytta til. I dette arbeidet har FUG ei viktig rolle, seier han.

- Det blir spennande og lærerikt å komme inn i eit arbeidsfellesskap med dyktig menneske som brenn for heim-skule-samarbeid. Eg gler meg og til å bli kjend med utvala. Eg vonar eg kan bidra til å gjere FUG einda meir kjent som aktør i skule-Norge, seier Asbjørn Tolo. 

Kontorsjef med tre nysansatte 2018
Kontorsjef Marianne Dahlseng (nr. 2 frå venstre) saman med dei nytilsette. (Foto: FUB/FUG)

Mange store oppgåver

Kontorsjef Marianne Dahlseng er godt nøgd med å få dei nytilsette på plass.

- Me har rekruttert fagleg dyktige medarbeidarar med lang erfaring som vi ser fram til at kjem på plass. Dei øvrige tilsette har stått på i ein krevjande periode med flytting til Bø. Me skal nå sjå framover og byggje eit godt team av nytilsette og tilsette med lang fartstid i sekretariatet, seier Dahlseng.

-  Det er mange saker som er viktige å jobba med framover for å sette fokus på eit godt heim-skule-samarbeid og å ivareta foreldra sine interesser i barnehage- og skulesamanhang, legg ho til.

Les meir om kva FUB og FUG driv med på heimesidene våre fug.no og fubhg.no