Marianne Dahlseng har profesjonsutdanning i pedagogikk, undervisning og leiing (cand. paed.) og har fleire års erfaring frå arbeid med barnehage og skule, mellom anna som oppvekstsjef, rektor og pedagogisk konsulent. No er ho rektor på Nome og Bø voksenopplæring.

Sekretariatet til FUB og FUG flytter til Bø i Telemark 1. september.

FUB-leder og FUG-leder sept 2017
FUB-leder Marie Skinstad-Jansen (t.v.) og FUG-leder Gunn Iren Müller. Foto: FUB/FUG

Viktig jobb

- På vegne av FUG vil eg ønskje Marianne Dahlseng velkomen til oss og lukke til som ny kontorsjef! Ho får ein krevjande jobb med å byggje opp eit nytt fagmiljø til beste for barna og foreldra når vi flytter ut av Oslo. Vi i utvalet vil gjere vårt beste for å ta i mot og støtte henne i dette, seier FUG-leiar Gunn Iren Müller.

- Vi gratulerer Marianne Dahlseng med jobben og ønskjer henne velkomen til oss! Ho får ein viktig og krevjande jobb med å etablere eit sekretariat og eit nytt fagmiljø i Bø. Vi gler oss til eit godt samarbeid, seier FUB-leiar Marie Skinstad-Jansen.

Takk til Hexeberg Dahl

Gro Hexeberg Dahl har leia sekretariatet under tre FUG-utval og to FUB-utval. Ho begynner frå 1. august som seniorrådgjevar i Opplæringslovutvalet under Kunnskapsdepartementet.

- Tusen takk til Gro Hexeberg Dahl som har leia sekretariatet med stor fagleg tyngde, erfaring og klokskap gjennom dei siste åtte åra. Ho har vore ein utmerka støttespelar for oss i utvalet frå fyrste dag. Lukke til med nye oppgåver, seier FUG-leiar Gunn Iren Müller.

- Vi har satt stor pris på alle gode innspel og eit godt samarbeid med Gro Hexeberg Dahl i dei åra vi har jobba samen. Ho har gjort ein veldig god jobb, seier FUB-leiar Marie Skinstad-Jansen.

Marianne Dahlseng tiltrer i jobben 1. oktober. Fram til da er seniorrådgjevar i FUB, Lou Cathrin Norreen, fungerande kontorsjef.

Her er pressemeldinga frå Kunnskapsdepartementet