Rapporten ”Hele barnet – hele løpet, mobbing i barnehagen” vart lagt frem 11. desember. Den er eit resultat av tre år med forsking og samarbeid mellom Universitetet i Agder (UiA), Sørlandet sykehus, Kristiansand kommune, FUB og FUG.

I rapporten stadfestar både barna, foreldra og dei tilsette at mobbing skjer i barnehagen. Over halvparten av dei spurde barna kjende til begrepet mobbing. 

Ingrid Lund desember 2015
(Foto: FUG/FUB)

Ny definisjon

Forskarane i prosjektet lanserer ei ny definisjon på mobbing. Den lyder:

”Mobbing av barn i barnehagen er handlinger fra voksne og/eller andre barn som krenker barnets opplevelse av å høre til og være en betydningsfull person for fellesskapet”.

- Det å ha ein ven, oppleve samvær i leiken og å kunne gle seg til å kome i barnehagen, er avgjerande for barna si utvikling, seier forskar Ingrid Lund. Ho deler FUB-leiaren si bekymring.

- Vår definisjon er ikkje meint å utkonkurrere den gamle, men vi har fjernet tidsfaktoren og droppet begrepet ”over tid”, forklårer Lund.

Rapporten Hele barnet hele løpet

- Vere ein del av flokken

 - Det har aldri vore hensikta vår å definere barn som mobbarar eller mobbeofre. Vi ville peike på kor viktig samspel, og ferdigheiter i samspel, er for å få seg vener.

- Og det å skaffe seg vener og høyre til i flokken, er ein føresetnad for at barn skal greie seg bra, sa prosjektleiar Marianne Godtfredsen frå Kristiandsand kommune då rapporten vart lansert.

Ho peika på at eit godt samspel mellom forledra og dei tilsette er nøkkelen for å få dette til.

Ingrid Lund og Davis L. Cameron
(Foto: FUG/FUB)

Bagatelliserer mobbing

Forskar David Lansing Cameron frå UiA fann i si forsking at kvar fjerde vaksne, bagatelliserer problemet mobbing i barnehagen. Dei har og eit negativt syn på dei som mobber eller vert mobba. 

Han viste til eit utsagn som: - Jeg synes at barnet som mobber har litt skyld selv.

- Det er bekymringsfullt. Men heldigvis meinte fleirtalet av foreldra at temaet var svært aktuelt, og at barn i mobbesaker må takast alvorleg.

Både dei tilsette og foreldra såg på samarbeid som bra i eit forebyggjande perspektiv. Men foreldre var dei mest positive, sa han.

Heile 81 % definerte mobbing som det å verta utestengd frå leik. 60% meinte det var når offeret sjølv opplever det som mobbing. Andre peika på ting som trugsmål og bruk av stygge ord.

Dag Nome des 2015
(Foto: FUG/FUB)

Den viktige leiken

Forskar Dag Nome hadde særleg sett på betydningen av leik blant dei yngste og det å finne seg til rette i eit felleskap. Suksesskriteriane heng saman med fysisk miljø (leiker og materiell), barns eigen sosiale kapasitet, dei vaksnes nærleik og deltaking.

Allereie frå 2 – 3-årsalderen har barna eit reportoar av ressursar til å knyte kontaktar – eller til å skape avstand. Og til å koble seg på ei leikegruppe – eller skilje seg ut.

Dei små barna vekslar mellom flyktige og opne venskap i 1-2 årsalderen til meir langvarige venskap - ”besteven” - frå 3-årsalderen. Dette er nyttig kunnskap i arbeidet med å handtere mobbing.

Anne Helgeland des 2015
(Foto: FUG/FUB)

1 - 2 vert haldne utfanfor

Forskar Anne Helgeland hadde intervjua 16 fem-åringar og gjort fire gruppeintervjuer med 15 andre barn. 18 av dei 32 bana visste kva mobbing var.

Helgeland fann at dei fleiste barna har preferansar til kven dei vil vere saman med. Mange barn er gode til å forhandle seg inn i leiken. Ein del barn går rundt og ”sviv” frå gruppe til gruppe, mens nokon er åleine og ser ut til å trivast med det.

Det mest urovekkjande er likevel at minst 1 – 2 barn systematisk vert utestengd frå leik i kvar barnehage, og dei blir negativt definert av dei vaksen i barnehagen.

- Mobbing i barnehagen er jo i konflikt med barnehagenormen om at alle skal leike med alle og alle skal ha nokon å leike med, peika ho på.

- Dei vaksne sine blikk og nærvær er heilt avgjerandre for å sikre at alle vert inkludert i leik og venskap, sier Helgeland. Ho meiner alle barnehagar må vere bevisst sin eigen kultur og haldningar og oppmoda barnehagane til jevnlege dialogmøter med foreldra. - Foreldre må sjåast på som ein ressurs!

- Banebrytande forsking

- Det arbeidet som er gjort her er banebrytande og viktig. Vi må sloss for å få videreført dette prosjektet, sa oppvekstdirektør Arild Rekve i Kristiansand kommune.

- Barn treng vaksne som rydder veg. Vi håper denne rapporten viser kor viktige vi vaksne er for å både å sjå, gripe inn og rettleie dei små på vegen videre, sa seniorrådgjevar Åse-Berit Hoffart i FUB.

- Det er flott at rapporten har fått med kor viktig foreldresamarbeid er, sa FUG-leiar Elisabeth Strengen Gundersen då ho saman med FUB-leiar Marie Skinstad-Jansen takka alle for godt samarbeid og eit viktig prosjekt gjennom tre år.

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen på konf2015
(Foto: FUG/FUB)

Nasjonalt fokus

- Foreldra skal være trygge på at personalet i barnehagen kan handtere mobbing når det skjer, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen i ein kommentar til rapporten.

- Vi treng meir fokus på korleis vi skal avdekke og handtere mobbing, og kunnskapen må kome tydeligare inn i barnehagane og barnehagelærarutdanninga. 

Regjeringa har vedteke at barnehagar blir ein del av oppfølgjinga av Djupedal-utvalet, sjølv om det ikkje stod i det opprinnelege mandatet.

- For å forebyggje mobbing treng vi eit systematisk arbeid for eit godt psykososialt miljø i barnehagar og skolar. Barnehagane har forskrifter som skal sikre alle barn eit godt fysisk og psykososialt miljø. Det må kommunane og andre eigarar sørgje for at blir oppfylt, seier Røe Isaksen.