Konferansen skjer altså på Radisson Blu Airport Hotel på Gardermoen, og startar med eit kort program og middag på kvelden laurdag 19. oktober Hovedprogrammet er lagt til sundag 20. 
Her er programmet for Foreldrekonferansen.

Statssekretær Julie Midtgarden Remen
Statssekretær Julie Midtgarden Remen

Fag og forskning

Statssekretær i Kunnskapsdepartementet, Julie Midtgarden Remen, opnar konferansen på sundagen.

Kristin Danielsen Wolf er utdanna barnehagelærar og jobbar som universitetslektor og ph.d.-stipendiat ved OsloMet – storbyuniversitetet, og forskar på foreldra sine perspektiv på livet i barnehagen og barna sin leik og samspel. Ho har skrive ei rekkje fagartiklar og bøker og var sentral i det største forskningsprosjektet på barnehagar i Noreg, GoBaN (Gode barnehagar for barn i Noreg).

Royne K. Berget er barnehagelærar med vidareutdanning i leiarskap og har sidan 2002 vore styrar ved Smedhusåsen barnehage i Rygge kommune. Han har fått mykje merksemd for faglege foreldremøte der dei tilsette kursar foreldra. Han har og skrive ei rekkje kronikkar om bemanning, leiarskap og organisering i barnehagesektoren. Han er tilknytta Barnehageopprøret.

Line Melvold er dagleg leiar i STYD kommunikasjon AS, utdanna barnehagelærar og har jobba 20 år i barnehagar. Ho har videreutdanning i rettleiing, er sertifisert Marte Meo terapeut, har ei mastergrad i barnehage- og profesjonsutvikling og leiar forskningsprosjektet «Psykisk helsefremmende barnehager» i perioden 2017 – 2020. Ho har skrive ei rekkje fagbøker for barnehagefeltet.

Lasse N¿rbaek
(Foto: Colourbox)

Motarbeidarane

Som ei innleiing til konferansen laurdag kveld skal Motarbeidarane ha eit foredrag med underhaldningsvri som dei har kalla «Ny dag - nye nederlag».

Motarbeidarane oppsto under ein mislykka medarbeidasamtale hausten 2002. Arne Gjuvsland og Halvor Haukerud la den pågåande medarbeidarsamtalen død, og skreiv og gjennomførte ein motarbeidarsamtale på staden - og i staden.

Dette skjer alt på laurdag - vi gler oss til å sjå deg!

For dei som ikkje deltek vert det smakabitar fra foredraga og ellers i sosiale medium og på nett i løpet av helga.