Gjennom dialog mellom foreldra og barnehagepersonalet blir det skapt tillit, slik at det gode samarbeidet blir etablert.

Alle foreldre er sårbare på vegner av barna, og trivst ikkje barnet, har ikkje foreldra det bra heller. Samtidig påverkar relasjonen mellom foreldra og dei barnehagetilsette korleis barnet sitt møte med barnehagen blir. Forsking viser at jo betre forholdet mellom foreldra og dei tilsette er, desto betre blir relasjonen mellom dei tilsette og barna (Clark-Steward og Alhusen, 2015).

Foreldra sine behov og ønske om korleis barnet skal ha det, har mykje å seie for arbeidet til barnehagen. Barnehagen kan ikkje innfri alle ønske og behov, men det er viktig at dei tilsette lyttar til foreldra og sørgjer for at forventingar blir avklarte og tilpassa.