Den breie aktiviteten har ført til dobbelt så mange spørsmål frå foreldre enn i fjor. Meldingar, spørsmål og aktivitet elles viser eit sterkt engasjement hos foreldra. Spesielt har vi merka at bemanning i barnehagen engasjerer foreldra, og mange – særleg i Oslo – har danna lokale foreldreutval.

FUB har hatt fleire møte med Utdanningsdirektoratet og har delteke på Nasjonalt barnehageforum (NABAFO) to gonger. FUB har hatt to dialogmøte med den politiske leiinga i Kunnskapsdepartementet.

I alt har FUB bidrege med synspunkt  og høyringsfråsegner i  8 aktuelle saker til departementet og andre.

FUB på Barnehagemessa

Rådgjeving og foredrag

FUB har i 2012 fått 267 spørsmål frå foreldre på telefon og e-post. Det er meir enn dobbelt så mange som året før.

Det dei fleiste tek opp er bekymring for bemanninga i barnehagane, spørsmål om korleis foreldre kan påverke barnehagen gjennom foreldreråd og samarbeidsutval, samarbeidet mellom heim og barnehage og korleis ein kan starte opp lokale foreldreutval.

FUB har halde til saman 43 foredrag i 2012, dei fleiste på kurs og seminar i kommunar og på store barnehagekonferansar i Oslo, Trondheim og Loen. Temaa har vore samarbeidet heim-barnehage, mobbing i barnehagen og lokale foreldreutval.

Thomas Nordal2

Foreldrekonferansen

I november arrangerte FUB sin andre konferanse, «Foreldrenes medvirkning», der vi hadde invitert 24 kommunar med representantar frå foreldre, kommuneadministrasjon og politikarar, til saman om lag 80 deltakarar.

Hovudmålet med konferansen var å auke foreldreaktiviteten lokalt ved å danne lokale foreldreutval i kommunane. Innhaldet var foredrag om det å danne lokale utval og gruppearbeid. Hovudforedragshaldar var Thomas Nordahl.

FUB i Samisk barnehage
FUB i Samisk barnehage

Samarbeid

I 2012 deltok FUB i 10 relevante nasjonale og regionale arbeidsgrupper.

FUB har i året som er gått, utvida samarbeidet med relevante aktørar. Vi har hatt faste møte med NAFO, Utdanningsforbundet og Barneombodet. I tillegg har vi hatt regelmessig kontakt med Buf-dir, Fagforbundet, PBL, KS, Voksne for barn og Unicef.

I 2012 starta vi og eit prosjekt om vaksne som rollemodellar saman med Trygg Trafikk. I samband med Barnehagedagen 2013 var vi i ei arbeidsgruppe med Utdanningsforbundet og Fagforbundet. Vi har òg hatt kontakt med dei største barnehageeigarane og tek jamleg kontakt med fylkesmennene og høgskular/universitet.

FUB-leder på Foreldrekonferansen 2012
FUB-leder på Foreldrekonferansen 2012

Kommunikasjonsarbeidet

I 2012 har FUB handtert 54 mediesaker. Dei fleste sakene har handla om bemanning, vikarbruk, kutt i barnehagebudsjetta i kommune, mobbing og tryggleik.

Blant dei sakene som fekk mest mediemerksemd i 2012, var FUBs eigen brosjyre om mobbing i barnehagen. Dette førte til debatt med enkelte fagmiljø som var ueinige med ordvalet til FUB. Ei rekkje debattar i radio og media elles følgde i mai.

2012 har vore det første heile driftsåret for www.fubhg.no. Nettsida har gradvis blitt bygd ut med nytt fagstoff, publikasjonar og nyheiter. Det har blitt oppretta ei arbeidsgruppe som jobbar med ytterlegare forbetringar. Nettstaden er blitt marknadsført i relevante kanalar.

Ved årsskiftet hadde FUB rundt 320 «likarar» på Facebook. På grunn av så pass liten trafikk både inn hit og til nettstaden bestemte vi oss på slutten av 2012 for å setje i gang med å annonsere på Facebook-sida.

FUB har sendt ut seks nyheitsbrev på e-post i 2012 med lenkjer til dei siste nettsakene. Kvart nyheitsbrev har innehalde ei trafikksak som FUB og Trygg Trafikk har fronta saman.