Stadig fleire kontaktar FUB, anten via telefon eller e-post, både for å få informasjon, råd og rettleiing. I 2015 blei FUB kontakta 390 gonger.

Dei fem mest etterspurde temaa er foreldremedverknad, barnehagedrift, problem i samband med trivsel, lokale foreldreutval, flytting mellom avdelingar og barn med behov for spesialpedagogisk tilbod.

FUB erfarer at fleire av dei som tek kontakt med FUB har ein annan språkleg og etnisk bakgrunn enn norsk. Det er svært gledeleg.

Åse-Berit Hoffart og Lou Cathrin Norreen med mobbebrosjyre
(Foto: FUB)

Foredrag

I 2015 har FUB halde til saman 83 foredrag. 54 av dei handla om mobbing i barnehagen, 20 om samarbeidet mellom heimen og barnehagen, fem om lokalt foreldrearbeid, to om FUB og to om dei yngste i barnehagen.

At 65 prosent ønskjer å høyre foredraga om mobbing i barnehagen, fortel FUB at temaet både er aktuelt og relevant for barnehageforeldre og tilsette.

Rapport

Mobbing i barnehagen

Mobbing i barnehagen har og vore tema for eit av dei største og viktigaste samarbeidsprosjekta for FUB i 2015, nemleg prosjektet «Hele barnet, hele løpet; Mobbing i barnehagen» med Kristiansand kommune, Universitetet i Agder og Sørlandet sjukehus.

FUB vurderer at dei nye funna og den nye kunnskapen i prosjektet representerer ein ny ståstad når det gjeld mobbing i barnehagen.

Rapporten viser at vennskap og leik er heilt sentralt for å forstå mobbing, noko som er avgjerande for dei tiltaka som blir sette inn for å førebyggje mobbing i barnehagen. Eit godt samarbeid med foreldra er heilt nødvendig for å få til dette.

Rapporten «Hele barnet, hele løpet; Mobbing i barnehagen» kan lastast ned frå nettsaken her.

FUB har og arrangert to seminar i 2015, begge med tilknyting til prosjektet «Hele barnet, hele løpet; Mobbing i barnehagen».

Kronprinsessen i ring med barna
(Foto: FUB)

Foreldrekonferanse og samarbeid

I 2015 gjennomførte FUB ein foreldrekonferanse i samarbeid med FUG med tittelen «Gode relasjoner». Omkring halvparten av dei 200 påmeldte var barnehageforeldre. Evalueringa i etterkant viste at deltakarane var svært nøgde.

FUB har og utgitt heftet «Barn og brot» med Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir), eit rettleiande hefte for tilsette i barnehagen om korleis møte born og foreldre i brot.

Tre arrangement og medieutspel har i 2015 vore i samarbeid med andre, som den årvisse Barnehagedagen saman med Fagforbundet og Utdanningsforbundet.

I  2015 var temaet for Barnehagedagen friluftsliv. Kronprinsesse Mette-Marit deltok på arrangementet i Oslo der barn frå Steinrøysa barnehage lagde mat på Geitmyra matkultursenter saman med leiar og kokk Andreas Viestad. Ei rekkje mediekanalar var til stades.

Forside nett FUB

Kommunikasjon

FUB har fremja synet sitt i viktige saker som har prega barnehagedebatten i 2015 både gjennom media, sosiale medium og på nettsida.

I tråd med utvalet sine strategiar for kommunikasjon, har vi jobba proaktivt med å få fram utvalet sitt syn i saker som til dømes lovfesta pedagognorm, bemanningsnorm, kompetanseheving og mobbing i barnehagen.

FUB har i 2015 handtert 40 mediesaker, og elleve av dei har vore proaktive utspel.

FUB har vidareutvikla nettstaden fubhg.no som informasjons- og ressursbank for foreldre, barnehagetilsette og -eigarar. I 2015 har brukaråtferd og tilgjengelegheit vært særleg viktig  i arbeidet til nettredaksjonen.

I 2015 auka trafikken i åtte av månadene. FUB har nådd målet i strategien om minst 4000 unike brukarar i snitt kvar månad.

I 2015 har FUB fått 605 nye likarar på Facebook og 200 fleire følgjarar på Twitter.

Omsetjingar av materiellet til FUB er eit kontinuerleg arbeid som krev tid. Over halvparten av materiellet er omsett til både nynorsk, samisk og dei fem mest brukte framandspråka (arabisk, engelsk, polsk, somali og urdu). Arbeidet med å omsetje materiellet held fram.