Etableringa av sekretariatet til FUB og FUG i Bø i Telemark har kravd mykje av dei tilsette i 2019. Frå medio februar var sekretariatet fulltalig og har fulgt utvalet tett gjennom året.
FUB har laga eit hefte for perioden 2015-2019 med ei oversikt over oppgåver denne utvalsperioden.
Etter meir enn åtte åras verksemd er FUB godt kjent blant aktørar, aktuelle samarbeidspartnarar og media. FUB markerer seg med synspunkt i debattar og media/sosiale medium, og er invitert med i sentrale referansegrupper.
![]() |
(Foto: FUB) |
Høyringar og rådgjevingar
FUB har valt å gi tilsaman 14 høyringssvar som er viktige for heim-barnehage-samarbeidet.
FUB-rådgjevarane har prioritert 221 meldingar: 80 på telefon og 139 på e-post. Temaa som flest tek opp, er:
1. samarbeid
2. rådsorgan (foreldreråd, FAU, SU og lokale FUB)
3. bemanning
4. kost (inkl. foreldrebetaling)
5. mistrivsel, mobbing og dårleg barnehagemiljø
6. tryggleik og ulykker
Nytt i år er at det har vore fleire spørsmål om barnehagenedlegging utan at foreldra har fått høve til å medverke i prosessen.
![]() |
(Foto: FUB) |
Foredrag og foreldrekonferanse
FUB har hatt 33 foredrag på ulike arenaer i 2019, for det meste i kommunar og barnehagar, på høgskular og hos fylkesmenn.
I oktober arrangerte vi ein foreldrekonferanse for 100 deltakarar på Gardermoen med temaet «Bemanning i barnehagen»
Vi har og hatt ei foreldreundersøking om medverknad i barnehagen utført av Opinion.
![]() |
(Foto: FUB/FUG) |
Materiell, nett og media
I 2019 har vi sendt ut materiell til alle barnehagar i landet, m.a. overgangsbrosjyren «Har du barn som skal begynne på skulen?» som vart laga saman med FUG. Brosjyra fins både i menystrukturen på heimesida, og i nedlastbar form.
Vi har lagd ein ny plakat om varsling og har starta arbeidet med å revidere ressursheftet om heim–barnehage-samarbeid og revidert brosjyren om mobbing i barnehagen.
Heimesida fikk auka nettrafikken i ti av tolv månader i 2019, og besøkstalet var i gjennomsnitt 7050 per månad, altså 2000 fleire enn året før.
FUB har sendt ut fire nyheitsbrev og fire pressemeldingar i 2019. FUB etablerte seg på Instagram i mai 2019.
I 2019 har FUB handtert 35 mediesaker. Ti av desse var proaktive saker. Størst merksemd fekk saker om kosthald og ernæring, om nytt lovforslag om å sikre eit godt psykososialt miljø i barnehagen og saker om sikkerheit.
I samband med kommunevalet skreiv FUB ulike lesarinnlegg til lokal- og regionsmedia.
![]() |
(Foto: FUB) |
Samarbeid
FUB har faste møte med Utdanningsforbundet, Fagforbundet, Redd Barna og Barneombodet. I tillegg har utvalet regelmessig kontakt med Bufdir, PBL, KS, Voksne for barn, Unicef og Trygg Trafikk.
Fleire av dei faste arbeidsgruppene vi har prioritert i 2019 er knytt til Partnerskap mot mobbing. Her leia FUB gruppa som organiserte eit felles opplegg under Arendalsveka.
Referansegruppa for KD – stortingsmeldinga Tett på – tidlig innsats og inkluderende fellesskap i barnehage, skole og SFO har og vore prioritert.
Vi er og med i arbeidsgruppa for markering av den nasjonale Barnehagedagen, saman med Utdanningsforbundet og Fagforbundet. I 2019 var temaet «Eg lurer på», om barna si undring og forskartrong, og FUB medverka mellem anna i ein podcast.
FUB har og jobba proaktiv kontakt med Universitetet i Søraust-Noreg for å få meir kompetanse på heim–barnehage-samarbeid inn i barnehagelærar- og styrarutdanninga. Jamnleg er det og samarbeide med aktuelle aktørar i Norden.
Nytt utval for perioden 2020-2023 med leiar Einar Olav Larsen vart oppnemnd 20. desember 2019.
Her er heile årsberetninga for FUB og FUG 2019.
Her er beretninga frå Riksrevisjonen 2019.