- Det blir spanande å jobbe med barnehage frå ein heilt annan vinkel, seier FUBs nytilsette rådgivar Beate Darrud.  

Darrud har dei siste åra jobba som kommunalsjef for oppvekst i både Bø og Sauherad kommunar og har såleis jobba tett på barnehagesektoren frå eit overordna perspektiv.

Erfaringane frå barnehagen starta så tidleg som i 1996. Først som avdelingsleiar, deretter som barnehagestyrar for barnehagar i Nome kommune. Når ho no er på plass som FUB-rådgivar er sirkelen full. 

- Takk til Lou

Darrud overtek stillinga til Lou Cathrine Norreen, som er i gang i ny jobb i Lunner kommune. Lou har vore avgjerande i arbeidet med flyttinga av kontoret frå Oslo til Bø. 

- Lou har gjort en fantastisk jobb for FUB og me ynskjer ho lykke til vidare, seier kontorsjef Marianne Dahlseng.  

Etterfølgjaren er godt i gang i den nye jobben etter eit hektisk år i ferske Midt-Telemark kommune. 

Darrud byrja i jobben som kommunalsjef for oppvekst i Bø kommune i 2011, og fekk for nokre år sidan i tillegg ansvar for oppvekstsektoren i Sauherad kommune, før samanslåinga 1. januar 2020. 

- Me er glade for å ha Beate på plass her i FUB, seier Dahlseng.