FUB er i tildelingsbrevet frå Kunnskapsdepartementet tildelt fleire oppgåver.

Kva gjer FUB?

FUB arbeider etter følgjande resultatmål:
1 Vere høyringsinstans og rådgivande organ for Kunnskapsdepartementet og Utdanningsdirektoratet i saker som gjeld samarbeidet mellom barnehage og heim
2 Gi informasjon og rettleiing til foreldre, dei tilsette i barnehagane og barnehageeigarane om verdien av samarbeid mellom barnehage og heim
3 Samarbeide med aktuelle aktørar i saker der det er viktig at foreldreperspektivet er representert

Kva gjer FUB for å nå desse resultatmåla?

Til resultatmål 1:

  • Leggje fram høyringsfråsegner i relevante saker frå Kunnskapsdepartementet (KD) og Utdanningsdirektoratet
  • Delta på kontaktmøte med KD og Utdanningsdirektoratet
  • Delta i referansegrupper i regi av KD og Utdanningsdirektoratet
  • Ha kontakt med og delta i høyringar i komitear på Stortinget
  • Delta på aktuelle seminar i regi av KD og Utdanningsdirektoratet
  • Halde foredrag for utdanningsmyndigheitene

Til resultatmål 2:

  • Gi råd og rettleiing til foreldre, tilsette i barnehagar, barnehageeigarar og barnehagemyndigheiter om samarbeid mellom heim og barnehage
  • Delta i møte med kommunar og fylkesmenn
  • Vidareutvikle informasjon og materiell som skal leggjast ut til nedlasting på nettet, eller som kan sendast ut på førespurnad
  • Vidareutvikle FUB-nettstaden som informasjons- og ressursbank med gode døme for foreldre, tilsette i barnehagar og barnehageeigarar
  • Omsetje materiellet og nettsida til FUB til dei fem mest nytta språka
  • Drifte Facebook-sida til FUB
  • Invitere fagfolk til informasjonsmøte og workshops
  • Halde foredrag for foreldre, studentar, tilsette og barnehagemyndigheiter
  • Arrangere ein foreldrekonferanse
  • Bidra til at foreldre, uavhengig av bakgrunn, engasjerer seg i samarbeidet mellom barnehagen og heimen
  • Vere ei aktiv stemme i barnehagedebatten i det offentlege rom og fremje FUB sitt syn og løfte fram foreldreperspektivet

Til resultatmål 3:

  • Etablere og vidareutvikle samarbeidet med relevante aktørar for å fremje foreldrestemma
  • Samarbeide om prosjekt og satsingar med andre aktørar som har felles innsatsområde
  • Ta initiativ til å delta i relevante arbeids- og referansegrupper og ved behov ta initiativ til å opprette nye grupper
  • Utvikle samarbeid med aktuelle aktørar i Norden og andre internasjonale kontaktar der foreldreperspektivet er representert