Foreldrebetaling for en plass i barnehage skal ikke settes høyere enn en maksimalgrense. Betaling for kost kan komme i tillegg.

Maksimalgrensen blir fastsatt i Stortingets årlige budsjettvedtak. Maksimalgrensen gjelder for et heldags ordinært barnehagetilbud innenfor gjeldende lov og forskrifter. Med heldagstilbud menes avtalt ukentlig oppholdstid på 41 timer eller mer.

Føresegna slår fast at det skal vere ei maksimalgrense. Grensa skal fastsetjast i det årlege budsjettvedtaket til Stortinget. Maksimalgrensa skal berre gjerast gjeldande for det som blir definert som kjernetilbodet i barnehagen. Eit ordinært barnehagetilbod skal leggje vekt på å gi barna høve til å utvikle basiskompetanse gjennom leik og læring i sosialt samspel

Heilt spesielle aktivitetar etter foreldra sine ønske, til dømes dansetimar, skiskule eller ridetimar, blir ikkje rekna som ein del av eit ordinært barnehagetilbod. Slike aktivitetar kan ein ta ekstra betalt for utover maksimalgrensa for foreldrebetaling.

 

Om unntak og høvet til å gå utover maksimalgrensa står det følgjande i  § 2 Deltidstilbud:

Foreldrebetaling for et deltidstilbud skal settes lavere enn foreldrebetaling for et heldagstilbud.

Med deltidstilbud menes avtalt ukentlig oppholdstid under 41 timer.

Barnehageeigaren står likevel fritt til å bestemme kor mykje lågare prisen for eit deltidstilbod skal vere.