- Eg gler meg til å ta fatt og halde fram eit viktig arbeid til beste for foreldra. Det skal bli spennande å setje seg enda betre inn i fagfelta og byggje eit nytt team av nye og gamle medarbeidarar, seier Dahlseng.

Det nyetablerte sekretariatet held til i Lundevegen 3 rett ved stasjonen i Bø. Seks av ti tilsette har fulgt med jobbane sine.

Marianne Dahsleng (45) frå Helgen i Ulefoss har profesjonsutdanning i pedagogikk, undervisning og leiing (cand. paed.) og har fleire års erfaring frå arbeid med barnehage og skule, mellom anna som oppvekstsjef, rektor og pedagogisk konsulent. Fram til nyleg var ho rektor på Nome og Bø vaksenopplæring.

Nye tilsette

- Vi er nå i ein prosess med å rekruttere til tre ledige stillingar i sekretariatet. For to av stillingane er tilsettingsprosessen i gang. I løpet av dei nærmaste dagane lyser vi og ut ei stilling som rådgjevar for FUG. Vi ynskjer aktuelle kandidatar med erfaring frå grunnopplæringa velkomne til å søkje, seier Dahlseng.

Ho legg til: - Vi kan tilby ein spennande jobb med varierte og utfordrande oppgåver. Sekretariatet er eit lite, men breitt samansett fagmiljø. Saman med aktive og engasjerte medarbeidarar får ein gode mogelegheiter for fagleg utvikling.

Foreldre ein ressurs

FUG og FUB er to nasjonale og uavhengige organ under Kunnskapsdepartementet (KD) som skal gje råd og rettleiing til foreldre med barn i barnehage og skule. Utvala vert oppnemnde for fire år om gongen og er breitt samansett av foreldre frå heile landet. Utvala er høyringsorgan og gjer og råd til utdanningsstyresmaktene i skule- og barnehagesaker.

Sekretariatet i Bø er felles for FUG og FUB.

- Foreldre er dei viktigaste personane i barna sine liv. Eit godt samarbeid mellom foreldra og barnehagen/skulen er heilt avgjerande for at barna skal trivast og lære. Til tross for ein krevjande flytteprosess og noko redusert bemanning ei stund framover, vil me forsøke så godt me kan å halde fram med det viktige arbeidet til beste for barna, seier Dahlseng.

- Vi ønsker Marianne varmt velkomen og gler oss til eit godt samarbeid, seier FUG-leiar Gunn Iren Müller og FUB-leiar Marie Skinstad-Jansen.