I vinter hadde begge kronikkar på trykk i Dagbladet der usemda kom fram. Denne vart bekrefta på seminaret.

Ein sentral del av debatten er ordbruken. Medan Flack og kollegene hennar nytter orda mobbing, mobbar og mobbeoffer, gjer ikkje Lund og hennar kolleger dette.

Tove Flack hevdar det no herskar full forvirring i skulen på grunn av den nye definsjonen til Ingrid Lund. - Mobbing er alvorlig og bør ikkje skjulast i eit sekkebegrep, understreka ho.

PMM tok initiativet til ein debatt for å klargjere skilnadane - og med tanke på korleis dei vil slå ut i praksis når tiltak mot mobbing skal setjast i verk i barnehage og skule.

Her er kronikken til Tove Flack frå Læringsmiljøsenteret ved Universitet i Stavanger.

Her er kronikken til Ingrid Lund frå Universitetet i Agder, som er eit tilsvar til Flack.

Tove Flack t.v og Ingrid Lund
Tove Flack t.v og Ingrid Lund. Foto: FUB

Jamnleg

Tove Flack definerer mobbing slik: - Det er når ein elev vert utsett for negative handlinger jamnleg som skadar eleven fysisk eller psykisk. Personen kan ikkje kome seg ut av situasjonen utan hjelp fordi han eller ho er makteslaus overfor dei personane som står bak handlingane. Det er ei ujamnt maktforhold.

- Mobbing gir langvarige skader. Personen føler stor skuld. Det kan føre til depresjon og sosial angst. Vi finn ei overopphopning av mobbeofre i pskykiatrien, sa ho.

Flack er optimistisk når ho ser korleis samfunnet har fått auka medvit og kunnskap om mobbing dei siste 50 åra:

- Eg trur vi kan redusere mobbing så lenge vi ikkje raserer det vi snakkar om. Vi må ikkje endre eit ord som alle veit tydinga av, sa ho, med klår adresse til Ingrid Lund og hennar definisjon. 

Plenum mobbedebatt
(Foto: FUB)

Myter

Flack meiner det herskar mange myter kring hennar og Læringsmiljøsenteret sin definisjon:

- Ei av mytene er at vi ikkje vil sjå på miljøet rundt eleven sjølv om vi nyttar ordet mobbing. Det er overhode ikkje sant. Det eine utelukkar ikkje det andre. Vi treng mobbebegrepet for å kunne beskrive situasjonen som rammer så mange over tid. Det blir tydeligare for oss når vi skal sette iverk tiltak, sa ho.

- Eg er redd Lunds definisjon vil hindre at vi ikkje avdekker og følgjer opp mobbing slik paragraf 9 A krev. Det er heller ikkje sant at vi har eit negativt barnesyn. Vi lener oss ikkje på det gammeldagse synet om at barn er onde, sa ho.

Ingrid Lund om mobbedefinisjonen
(Foto: FUB)

Aggressivt

Ingrid Lund frå Universitet i Agder har i sin definisjon lagt mykje meir vekt på omgivnadene til barnet og korleis barn møter andre i eit miljø.

- Vi nyttar ikkje begrep som plagarar eller mobbarar, slik vi finn på heimesida til Læringsmiljøsenteret. Det er ingen som er plagarar.

- Vi set større fokus på felleskapet. Mobbing er sosiale prosesser på avveie, som treng rettleiing. Det er systematiske utstøtingsmønstre i ein sosial samanhang. Rollene skiftar.

- Å høyre til og vere ein betydningsfull deltakar i felleskapet og å ha moglegheit til å medverke, er det som er viktig for barnet, påpeika Lund.

Ho nekta for at dette er utydeleg og viser til anna forskning som bygg opp under hennar definisjon, mellem anna Jette Kofoed og Dorthe Marie Sødergaard.

Også forskningsprosjektet Heile barnet – heile løpet, der FUG og FUB var med, støttar dette.

Ta barnet på alvor

Lund peikar på at det er skulen som sit med definisjonsmakta når eit barn kjem og fortel om mobbing. Innslagspunktet er om barnet vert trudd eller ikkje.

- Då kan ikkje eleven vere befengt med merkelappar. Det er ikkje sikkert det har skjedd over tid. Ei negativ hending kan ha ulik storleik. Det handlar om å ta eleven si oppleving på alvor.

I samtalen var dei to forskarane samde om at negativ mobbeadferd sjølvsagt må stoppast. Kan hende kan dei og einast om nokre førebyggjande tiltak. Lengre kom dei ikkje.

Samtalepanel mobbing
(Foto: FUB)

Praksisfeltet

Ein rektor, eit mobbeombud, ein barnehagestyrar og to foreldre vart utfordra til å  kommentere dei to ulike syna.

- Lund sin definisjon seier meir om kva som skjer rundt barnet medan den andre er meir avgrensa. Begge handlar om krenkingar av barn. I vår barnehage har vi teke Lund sin definisjon inn i handlingsplanen, sa styrar Britt Tove Hjelmerud frå Nittedal.

Ho meiner den set lyset meir på forebyggjing og dei vaksne sitt ansvar.

Mobbeombodet frå Vestfold, Kaja Vintervold Asmyhr, minna om at dei som jobbar i feltet er nøydde for å sjå på handlingane og ikkje definisjonane.

- Vi ser at det har vore enklast å halde seg til Lund sin definisjon. Det er fryktelig vanskeleg å oppdage einskilde former for mobbing, dei relasjonelle. Ofte mellom gutar. Då er det veldig fint å ha en definisjon som ikkje er for trong, meinte ho.

Den relasjonelle mobbinga er ikkje aggressiv eller utagerande. Det skjer rett og slett ingenting. Det er dei tause elevane som ikkje seier noko og som ikkje vert rekna med,  verken i klassen eller i sosiale medium. Dei seier heller ikkje i fra.

Yngvar Natland, Lou Cathrin Noreen og Elin Refsland FUG
(Foto: FUB)

Må vere samsvar

FUB-medlem Yngvar Natland (t.v.) meinte den breie definisjon vil fungere veldig godt i forebyggjande arbeid medan den smale passar når ein jobber med konkrete mobbesaker.

Han viste til at mobbeombodet i Nordland nyttar den breie (Lunds) definisjon, men trur sjølv at dei to definisjonane kan utfylle kvarandre.

FUGs Elin Refland (t.h.) meinte at den eine definisjonen tek omsyn til eleven si subjektive oppleving medan den andre er meir fastsett, som ved at mobbinga må ha skjedd over tid.

- Det er viktig at det er samsvar mellom det som skjer i forskninga og det som skjer i praksisfeltet. Vår erfaring som foreldre er at definisjonen til Lund virker meir konfliktdempande, meinte Refsland.

Lou Cathrin Norreen, seniorrådgjevar i FUB, leia denne siste samtalen.