Etter eit år utan foreldrekonferanse har FUB i år vald å ha ein dagskonferanse med overnatting på Radisson Blu Airport Hotel på Gardermoen.

Hovedtema er bemanning og det blir plass til omlag 100 foreldre med barnehagebarn. FUB betaler opphald for alle og reise for dei med reiseveg som er lengre enn 20 mil frå Gardermoen. Det er "fystemann til mølla"-prinsippet som gjeld, men vi set folk på venteliste i tilfelle avmeldingar.
Her er lenka for påmelding.

Kristin Danielsen Wolf (foran) i FUB-møte
Kristin Danielsen Wolf (foran) i FUB-møte

Foreldre, leik og samspel

Konferansen startar med eit kort program og middag på kvelden laurdag 19. oktober. Hovedprogrammet er lagt til sundag 20. oktober.

Her er programmet for Foreldrekonferansen.

Statssekretær i Kunnskapsdepartementet, Julie Midtgaden Remen, opnar konferansen på sundagen.

Kristin Danielsen Wolf er utdanna barnehagelærar og jobbar som universitetslektor og ph.d.-stipendiat ved OsloMet – storbyuniversitetet, og forskar på foreldra sine perspektiv på livet i barnehagen og barna sin leik og samspel. Ho har skrive ei rekkje fagartiklar og bøker og var sentral i det største forskningsprosjektet på barnehagar i Noreg, GoBaN (Gode barnehagar for barn i Noreg).

Royne K. Berget er barnehagelærar med vidareutdanning i leiarskap og har sidan 2002 vore styrar ved Smedhusåsen barnehage i Rygge kommune. Han har fått mykje merksemd for faglege foreldremøte der dei tilsette kursar foreldra. Han har og skrive ei rekkje kronikkar om bemanning, leiarskap og organisering i barnehagesektoren. Han er tilknytta Barnehageopprøret.

Line Melvold er dagleg leiar i STYD kommunikasjon AS, utdanna barnehagelærar og har jobba 20 år i barnehagar. Ho har videreutdanning i rettleiing, er sertifisert Marte Meo terapeut, har ei mastergrad i barnehage- og profesjonsutvikling og leiar forskningsprosjektet «Psykisk helsefremmende barnehager» i perioden 2017 – 2020. Ho har skrive ei rekkje fagbøker for barnehagefeltet.

FUB-leder Marie Skinstad-Jansen og nestleder Espen Agøy Hegge
FUB-leiar Marie Skinstad-Jansen og nestleiar Espen Agøy Hegge (Foto: FUB)

- Velkommen!

Som ei innleiing til konferansen laurdag kveld skal Motarbeidarane ha eit foredrag med underhaldningsvri som dei har kalla «Ny dag - nye nederlag».

Motarbeidarane oppsto under ein mislykka medarbeidasamtale hausten 2002. Arne Gjuvsland og Halvor Haukerud la den pågåande medarbeidarsamtalen død, og skreiv og gjennomførte ein motarbeidarsamtale på staden - og i staden.

Her anar vi dobbeltbotn og ein humoristisk start på konferansen!

- Dette gler vi oss til! Temaet bemanning er høgst aktuelt sjølv om bemanningsnorma er vedteken. Velkommen! seier FUB-leiar Marie Skinstad-Jansen.