- Ofte opplever foreldre at dei ikkje vert trudd eller høyrd når dei tek opp noko kritikkverdig. Dei kjenner seg mistenkeleggjorte, seier Skinstad-Jansen.
 
Både FUB og Utdanningsnytt har fått historia om foreldra som varsla om misbruk av foreldrebetaling i fleire kommunar. Å varsle kan kreve både stort mot og mykje arbeid.

FUB-leiaren meiner at ein del som driv barnehagar har sine oppfatningar om kva foreldre kan meine noko om og kva dei ikkje skal meine noko om.

– Ikkje alle barnehagar er like gode til å takle at foreldre menier noko om saker som til dømes økonomi, seier Skinstad-Jansen til Utdanningsnytt.

Lavest mulig nivå

FUB-leiaren meiner barnehagane må forsøke å svare foreldra på alle typer spørsmål og at saker må forsøkast løyst på lågast mogeleg nivå der utfordringa ligg. Ofte skal det ikkje så mykje til før saka endrar seg til det betre.  

Den nye plakaten gir konkrete eksempel på kva varsling kan være på ulike nivå, kva ei skriflig klage bør innehalde og kor ein henvender seg.

Her er FUBs plakat om varsling, fritt til nedlasting (A3-format, pdf).