- Problemer med det psykososiale miljøet og mobbing i barnehagen er ei av dei vanlegaste bekymringane foreldre kjem til FUB med. Fleire ulike FUB-utval har jobba hardt for å få eit nytt lovverk som omhandlar psykosialt miljø i barnehagane, og me er nøgde med at lovverket kjem til neste år, seier FUB-leiar Einar Olav Larsen.  

I statsbudsjettet for 2021 har Kunnskapsdepartementet satt av 10,3 millionar kroner fordelt på kommunane til arbeid mot mobbing og for eit godt barnehagemiljø. Det er og lagt opp til at fylkesmannen framleis skal føre tilsyn med enkeltbarnehagar i særlege tilfeller.

- Det viktigaste for å implementere ordninga er kompetansen til dei som er nærast barna i barnehagen og er i lag med dei der kvar dag, seier han.

Aktivitetsplikt gjer endringar

- Me er nøgd med at kommunane får penger, men det er langt frå nok. 10,3 millionar fordelt på alle landets kommunar blir berre smular, seier han og peiker på at aktivitetsplikta tvinger fram nye rutinar.

Endringane i barnehagelova inneber nulltoleranse mot krenkingar i barnehagen, krav om å arbeide førebyggjande, samt aktivitetsplikta som skal sikre alle barn eit trygt og godt barnehagemiljø. Lova løftar også fram barn og foreldres rett til medverknad.

- Me treng meir ressursar til kompetanse i barnehagane dersom dei skal klare å møte lovkravet. Det er blant dei tilsette og barna i barnehagen det nye lovverket skal fungere i praksis, framhevar Larsen.

Jublar ikkje over minimumsnorm

I statsbudsjettet vis dei òg til at 94 prosent av landets barnehagar oppfyller bemanningsnorma.

- Bemanningsnorma er eit minimumskrav som handsamas som eit maksimumskrav. For foreldra er det viktig at det er mange nok og kompetente tilsette på kvar avdeling saman med barna gjennom heile opningstida, seier Larsen som òg merkar seg at 40 prosent av dei tilsette i barnehagar står utan barnehagefagleg kompetanse.  

Positive tiltak

FUG-leiaren ønskjer òg å rose delar av statsbudsjettet. Følgjande tiltak vil bidra til å utjamne sosiale forskjellar:

- Auka barnebidrag med 300 kroner i månaden for barn opp til seks år.

- Vidareføring av minstekravet til foreldrebetaling, samt vidareføring av 20 timar gratis kjernetid for familier med låg inntekt.

- Rett til barnehageplass for barn i mottak, i tråd med Granavolden-plattformen.